Er dette Europas beste aurevatn?

 

Kvart år blir det fiska mellom 15 – 20 tonn aure i Jølstravatnet. Unike tilhøve gjev store aurar og gode forhold for både næringsfiske og sportsfiske. 

– Jølstravatnet er i særstilling! Eg meiner det er Europas beste aurevatn, med tanke på kor enormt mykje aure som har blitt fiska her.

Påstanden kjem frå fiskebiolog Harald Sægrov, for tida forskar i Rådgivende biologer i Bergen. Han vaks sjølv opp på eit småbruk ved Kjøsnesfjorden, som er del av Jølstravatnet, då fiske endå var ei viktig attåtnæring. Heilt frå han var liten gut, var han med og fiska kommersielt. I Kjøsnesfjorden gytte fisken i vatnet, og ikkje i elva, og største fisket var om vinteren.

– Auren gytte frå juletider til februar. Vi bora hol i isen og sette garnet under, med ei bambusstong med streng til hjelp. Det eg hugsar best, var at det var voldsamt kaldt på fingrane for oss ungane som hjelpte til, fortel han.

Aureentusiasten

Han har alltid likt å fiske, og i dag er han sportsfiskar. Som barn var det spenninga knytt til fiske som først fascinerte han, før han i vaksen alder skulle gjere yrke av hobbyen sin.

– Interessa for biologi som fag kom for fullt då eg begynte å studere. At eg valde å spesialisere meg på aure, hang nok i hop med at eg hadde kunnskap om det frå før.

Hovudfaget hans var å undersøke den spesielle gytinga i Kjøsnesfjorden, som var eit lite kjent fenomen då.

– Det er ikkje berre Kjøsnesfjorden som er spesiell. Heile Jølstravatnet er unikt, og har noko av det mest omfattande aurefisket som er, seier han engasjert.

Unike Jølstravatnet

Då siktar han blant anna til det store, kommersielle fisket, med eit årleg uttak på mellom 15 og 20 tonn, noko som tilsvarer 50.000 – 70.000 fisk. Auren har det 30 kilometer lange vatnet, omlag 200 meter på sitt djupaste, for seg sjølv.

– 20 tonn årleg er enormt mykje! I Jølstravatnet har vi, i tillegg til den vanlege auren, ein av fem storaurebestandar i Sogn og Fjordane, altså svært store aurar, seier han og fortel om andre unike tilhøve og kvifor auren blir så stor:

– Auren går ned Jølstra og gyter når han blir kjønnsmoden, og så går avkommet opp i Jølstravatnet og veks seg store der, før dei på nytt vandrar ned igjen og gyter. Det er det vi kallar ein eigen genetisk bestand. Det som er spesielt med denne bestanden, er at den har basert sin størrelse på kannibalisme og et andre aurar. Vanlegvis et storaure på røye og stingsild og andre fiskeartar. I Jølstravatnet et han sine artsfrendar og dyreplankton, forklarar han.

Utan konkurranse

Fram til ørekyta vart introdusert, fanst det nemleg berre aure i Jølstravatnet.

– Vi veit ikkje heilt korleis auren kom hit. Det er mogeleg at det berre var auren som greidde å kome seg opp etter istida, medan røye og stingsild vart stogga av dei bratte fossane. I andre delar av Norge, og elles i Europa, er det andre artar å konkurrere med, og ein får ikkje bygt opp like store aurebestandar. I Jølstravatnet kan auren ete seg stor på store dyreplankton utan at andre artar et opp næringsgrunnlaget. Storauren beiter også på ørekyta i aukande grad.

 

Veit kor fisken er

Til dagleg forskar Sægrov på laks og sjøaure, men hobbyfiskaren blandar ikkje jobb og fritid.

– Eg fiskar ikkje laks og sjøaure. Det ligg for nært det eg jobbar med, og eg vil unngå å bli følelsesmessig involvert. Det kan påverke jobben eg gjer.

Men fiske i Jølstravatnet har han aldri sleppt.

– Fritidsfiske gir meg stadig meir glede, og eg reiser ofte heim til hytta mi i Kjøsnesfjorden og fiskar. Det blir mest fiske med stang og oter, og eg veit kor eg får fisk, smiler han lurt.

Samtidig ønsker han fleire fritidsfiskarar hjarteleg velkommen til Jølster.

– Det er ingenting som tilseier at det ikkje kan komme endå fleire til Jølster og fiske. At det blir tatt opp mykje fisk er ein føresetnad for at den har så god kvalitet, seier han og skryt av fjorårets aure:

– Fin, feit og raud

– Jølstraauren har alltid hatt flott kvalitet, men i 2017 hadde den finaste kvaliteten som har vore nokosinne; fin, feit og raud!

Mange turistar, både norske og utanlandske, kjem til Jølster for å prøve fiskelukka. Har Sægrov nokre gode tips for at det skal bite?

– Eg klarar diverre ikkje å gje konkrete råd, men håpar andre kan det. Dei som har gode metodar for å fiske effektivt på stang må gjerne dele kunnskapen sin, for det er absolutt behov for å utvikle spesialiserte teknikkar. Nokre er flinkare enn andre, med rett utstyr og gode teknikkar. Eg veit berre at mesteparten av auren held seg på 0–10 meter, for det er der det er mest mat, men det førekjem også ein del næringsdyr på djupare vatn som auren beiter på, seier han.

Fiskekonkurranse med 1000 deltakarar

Jølster har også sin eigen aurefest. På forsommaren kjem over 1000 fiskarar til bygda for å delta i fiskekonkurransen med ein bil i premie.

­– Jølster aurefest er eit supert tiltak for å vise kva Jølster har å by på. At det nesten er tilfeldig kven som vinn, er viktig. Det betyr at alle som har fått fisk kan delta, uansett storleik.

Han synest det er bra at fleire og fleire oppdagar Jølster som turistdestinasjon, og at auren lokkar sportsfiskarane.

– Her er gode moglegheiter for bra fiske, avsluttar biologen.

Harald Sægrov

Harald Sægrov