Vilkår – Jølster 365

 

1.     Generelle vilkår

1.1. Desse generelle vilkåra gjeld mellom Jølster 365 AS og andre som inngår avtale med Jølster 365 AS i samsvar med bekreftelsen (gjesten).

1.2. Jølster 365 AS stiller seg ansvarleg for alle transaksjonar som går gjennom jolster365.no.

1.3. Jølster 365 AS er ansvarleg for at våre underleverandørar får betalt for det gjesten har bestilt gjennom oss. Våre underleverandørar er ansvarleg for kvar sin del av sitt program; fullstendige forsikringar, løyver, utstyr, bemanning og anna, som er i samsvar med dei gjeldande lovar og reglar for leverandøren.

1.4. Gjesten som bestiller på jolster365.no må vere fylt 18 år. Dette gjeld for alle varer og/eller tenester som kan bestillast på gjeldande nettside, ekskludert hytter/leilegheiter (j.f § 1.5)

1.5. Ved bestilling av hytter/leilegheiter må den som bestiller vere minst 20/23 år.

1.6. Jølster 365 AS fråskriv seg ansvar for feil gjesten gjer dersom ein ikkje har følgt våre vilkår. Vilkåra beskyttar deg som gjest og Jølster 365 AS som distributør.

2.     Bestilling

2.1. Ei bestilling er bindande så snart eit bookingnummer er tildelt gjesten og betaling er fullført. Det er gjesten sitt ansvar å kontrollere at ankomst- og avreisedato, samt alt anna som er av betyding for bestillinga, er korrekt.

3.     Betaling

3.1. Gjesten skal betale 100 % ved bestilling via jolster365.no. Gjesten tek med seg kvitteringa ved ankomst. 3D Secure er aktivert for websida.

3.2. Vår samarbeidspartnar PayEx er ansvarleg for at kredittkortnummer og -kodar vert handtert trygt i samsvar med dei krav som er definert i Payment Card Industry Data Security Standard (PCI DSS).

4.     Forsikring

4.1. Vi anbefalar alle våre kundar sjølv å sørgje for gode forsikringsavtalar før reisa, i tilfelle sjukdom, tap eller skade på reisegods, ulykke, ansvar og liknande.

5.     Vilkår for alle produkt som blir bestilt på jolster365.no

5.1. Avbestilling

5.1.1.   Dersom avbestillinga finn stad 30 dagar eller tidlegare før ankomst, betalar Jølster 365 AS tilbake 100 % av innbetalt beløp. Ein eventuell refusjon går til det kredittkortet som er brukt ved bestilling.

5.1.2.   Dersom avbestillinga finn stad mellom 29 dagar og 10 dagar før ankomst, betalar Jølster 365 AS tilbake 50 % av innbetalt beløp. Ein eventuell refusjon går til det kredittkortet som er brukt ved bestilling.

5.1.3.   Dersom avbestilling skjer mindre enn 10 dagar før ankomst, vert beløpet ikkje refundert.

5.2. Endring av bestilling

5.2.1.   Endring av ankomst- og/eller avreisedato skal skje på telefon eller på e-post direkte til den overnattingsbedrifta det gjeld. Eit gebyr kan i nokre tilfelle komme i tillegg.

5.3. Innsjekk, utsjekk og ankomst for alle overnattingseiningar

5.3.1.   Innsjekk for alle overnattingseiningar er frå kl.15.00 på ankomstdagen.

5.3.2.   Utsjekk for alle overnattingseiningar er kl 11/12.00 på avreisedagen.

5.3.3.   Skipass som vert seld saman i ei pakke med overnatting skal hentast på overnattingsplassen eller i Jølster Skisenter. Dette avtalast direkte med overnattingsstaden.

5.4. Klagar på overnattingsstaden

5.4.1.   Dersom gjesten har klagar angåande overnattingseininga ved ankomst eller under opphaldet, skal det takast kontakt med resepsjonen på den enkelte plass snarast, slik at det er mogleg å rette opp feilen.

5.4.2.   Feil som vert informert om ved avreise eller seinare, vert ikkje kompensert økonomisk.

5.5. Spesifikke vilkår for hytter/leilegheiter

5.5.1.   Straum er inkludert i prisen. Ved er ikkje inkludert og må bestillast separat.

5.5.2.   Opphaldet er basert på sjølvhushald. Gjesten må ha med seg sengetøy og handkle, eller bestille dette separat. Det er ikkje tillete å sove i senger utan sengetøy eller med sovepose.

5.5.3.   Gjesten er ansvarleg for eventuell skade som ikkje skuldast normal slitasje. Ved forsikringsskade vert eigenandel belasta gjesten.

5.5.4.   Overnattingseininga må forlatast ryddig, avfall skal takast med og kastast i søppelspann i tilknytning til hyttene.

5.5.5.   Ved leige av hytter og leilegheter varierar det frå stad til stad om utvask er inkludert eller ikkje. Dette kjem fram når ein bookar på kvar enkelt stad.

5.5.6.   Det er i nokre einingar ikkje tillete å ha med husdyr i hyttene/leilegheitene, dette er spesifisert på kvar eining. Står det ingenting om dette, er det tillete.

6.     Vilkår for heiskort

6.1. Heiskort er personleg og kan ikkje bli overdratt til andre.

6.2. Mista kort vert ikkje erstatta.

6.3. Det er ingen returrett på heiskort.

6.4. Ved misbruk eller brot på dei alpine løypereglane blir kortet inndratt. Desse reglane kan lesast på jolsterskisenter.no.

6.5. Det vert ikkje gitt erstatning ved driftstopp grunna dårleg vèr, straumbrot, maskinfeil eller liknande.

7.     Vilkår for skiutleige

7.1. Avbestilling:
Sjå punkt 5.1

7.2. Utlevering av utstyr:
Utstyr som er bestilt via jolster365.no kan hentast i Jølster Skisenter sin skiutleige.  Gjesten kan hente utstyret etter at skitrekket har opna den dagen utstyret skal leigast.

7.3. Innlevering av utstyr:
Utstyr må leverast i Jølster Skisenter sin skiutleige innan heisstopp den dagen leigeavtalen stansar.

7.4. Erstatning:
Det vert ikkje gitt erstatning ved driftstopp grunna dårleg vèr, straumbrot, maksinfeil eller liknande.

8.     Vilkår for skiskule

8.1. Avbestilling:
Sjå punkt 5.1

8.2. Erstatning:
Det vert ikkje gitt erstatning ved driftstopp grunna dårleg vèr, straumbrot, maksinfeil eller liknande.

9.     Force Majeure og utilfredstillande vèrforhold

Jølster 365 AS og våre underleverandørar står ikkje til ansvar for utilfredsstillande vèrforhold, stengte fasilitetar eller andre forhold som ligg utanfor selskapet sin kontroll. Vi tek atterhald om feilprising, skildring av tenester og tekniske problem som kan oppstå. Partane kan tre ut av avtalen dersom vara som er kjøpt ikkje kan bli brukt på grunn av krigshandlingar, naturkatastrofar, lengre avbrot av vatn­ eller el-­tilførsel, og liknande hendingar som verken Jølster 365 AS eller gjesten kunne forutsjå eller påverke.