Holtane hyttegrend
Vinter i Holtane hyttegrend
Utsikt frå Holtane hyttegrend
Vegen opp til Holtane hyttegrend
Skikøyring i Jølster skisenter
Sunnfjord golfklubb
Arrow
Arrow
Slider

Kjøp av hyttetomt i Holtane Hyttegrend

Holtane Hyttegrend ligg i fjellsida over Vassenden i Jølster kommune. Her finn du eit stort utval av aktivitetstilbod og rekreasjonsmogelegheiter i eit fantastisk naturlandskap like utanfor hyttedøra.

Like ved hyttefeltet finn ein Jølster Skisenter. Skisenteret med sine fire skiheisar og ei samla lengde på omlag 4 km preparerte løyper, passar til dei aller fleste. I tillegg finn ein flotte frikøyringsområde både ovanfor tregrensa og nede i skogen. For dei som er glad i langrenn og skiturar, går det turløype på omlag 15 km over til Gjesdalen.

Vassenden har mange flotte aktivitetar på sommarhalvåret. Jølster Rafting tilbyr rafting og elvebrett frå Vassenden og ned Jølstra. Ei spanande oppleving omkransa av flott natur. Raftingklubben har også tilbod som rappellering og paintball. Sunnfjord Golfklubb har flotte baner like nedanfor skisenteret.

Jølster har terreng som gir gode høve til småviltjakt på hausten. Ein får blant anna kjøpe kort på Jølstraholmen. Jølstravatnet er kjent som eit av Norges beste fiskevatn. Fiskekort får ein kjøpt på bensinstasjonen på Jølstraholmen.

Frå hyttefeltet er det flotte turområder like utanfor dørstokken i eit variert skog-, elv- og fjellandskap.

Det er kort avstand til kafe og daglegvare på Jølstraholmen. Her får ein kjøpt ferskt brød og alt ein treng medan ein nyter tida på hytta.

Til Førde er det omlag 20 km, til Florø 75 km og til Bergen ca. 3 timar køyring.

Praktisk informasjon

Innhald

  • Flotte fritidstomter i Holtane Hyttegrend i Jølster.
  • God og ferdig infrastruktur med veg, vatn, avløp og fiber til tomtegrenser. Dette gjer at du kan starte oppføring av di draumehytte raskt.
  • Gode soltilhøve og flott utsikt.
  • Kort avstand til flotte fritidstilbod som skisenter, rafting, golf, fiske og toppturar.
  • Kort avstand til butikk og kafe.
  • Ein rekreasjonsstad både på sommaren og om vinteren.

Regulering/offentleg godkjenning

  • Området er regulert til fritidsføremål.
  • Reguleringsføresegner og reguleringsplan blir lagt ved i prospekt.

Veg, vatn, avløp

  • Veg, vatn og avløp til tomtegrensene.
  • Tomtene som vert fråskild hovudbruket får vegrett over anna eigedom. Ein gjer merksam på at slike rettar også fører til plikter etter veglova for å ivareta retten, som til dømes å delta i vedlikehald og kostnadar.
  • Ved tilknyting til vatn og avløp vil kjøpar bli belasta med tilknytingsavgift lik kommunale satsar.

Tomt

  • Eigarform: Sjølveigar
  • Areal stipulert: 1000 m2
  • Tomtene vil bli utskild frå hovudbruket og får eige matrikkelnummer ved bindande avtale mellom seljar og kjøpar. Areal på tomtene er dermed stipulert og ikkje endeleg. Det vert teke atterhald om avvik på tomtestorleik.
  • Veg, vatn og avløp til tomtene f.o.m 67, t.o.m 89 er ikkje opparbeidd og vil ikkje bli opparbeidd før det er selt 10 av dei gjenverande tomtene i prisliste januar 2016.

Tilkomst

  • Sving av frå E39 og over brua ved Jølstraholmen. Følg vegen til Bjørkelia Skisenter. For nærare beskriving sjå www.finn.no for kart eller kontakt meklar.
  • Meklar vil syte for skilting.

For meir informasjon, ta kontakt

Eigedomsmeklarfullmektig MNEF
Daniel Einen

Telefon
472 91 115